Testrenn sundag 17.12 kl 11

Vossalangrenn inviterar til testrenn sundag 17.12 kl 11 i Voss Ski og Tursenter

Første start kl 11.00

Stilart: klassisk.

Frå 13 år og eldre

Distanser:
J/G 13-14 år: 3 km
J/G 15-16 år: 5 km
Junior jenter: 5 km
Junior gutar: 10 km
Senior kvinner: 10 km
Senior menn: 15 km

Smurningstips:
Festesmurning: Skrap av all gammal smurning og reingjer smøresona med skirens. Puss så søresona med sandpapir 100 eller 120. Legg så eit lag med grunnvoks som du smeltar inn med strykejern. Etter 10-15 min legg du på eit lag med blå tørrvoks. Smelt også dette laget forsiktig med strykejern. Vent så 20 min. og gni så med kork. Legg deretter to lag med blå tørrvoks i heile festesona og gni ut kvart lag med korken. Så legg du to nye lag med blå, men 5-6cm kortare framme og bak. Vent så til du kjem på stadion i morgon før du legg på meir smurning. Er det slik temp som i dag kan du prøva skia utan å legga på meir. Om det er litt glatt legg du to-tre lag til med blå tørrvoks under midten. Skulle temperaturen vera -3 eller varmere prøver du med gradvis mildare tørrvoks.

Trykk på knappen under for å melde på. Siste frist er laurdag 11.12. kl 20.00

Click here to register

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.