Oppstartsamling 20.-22.08
Invitasjon til oppstartsamling 20 – 22.08.2021
Me held tradisjonen ved like og inviterer til oppstartsamling. Denne samlinga vert for alle medlem i Vossalangrenn, frå 13 år til og med junior. Samlinga er gratis for medlem i Vossalangrenn.. Denne samlinga vert “heime” samling. Tore legger ut informasjon både på Facebook og heimesida om oppmøtestad til dei ulike treningsøktene. Det blir lagt opp til ei økt på fredag, to økter på laurdag og ei på sundag. På sundag kan ein velje mellom langtur saman med Vossalangrenn, eller deltaking på Hanguren Rundt.
Påmelding sendast på mail til aas.arnstein@gmail.com Frist tysdag 17. august kl. 24:00
Trenarar: Tore Tveito og Eivind Blindheim har hovudansvaret.
Program: Dette er ikkje heilt klart endå, men vert lagt ut på heimesida Vosslangrenn.no, samt facebooksidene våre: ‘Vossalangrenn’ og’ Vossalangrenn 13-16år 2020/2021’.
Velkomne!
Legg igjen en kommentar