Info til utøvere og foreldre
Info til utøvere og foreldre
Klubbkveld i VSOT
Det blir klubbkveld i arenahuset i Voss Ski og Tursenter onsdag 26 sep. frå kl 18.00.
- Det blir prøving og bestilling av sko frå Fischer, Rossignol og Alpina.
- Prøving og bestilling av VL klede. Langrennsdressar, jakker, bukser mm.
Vel møtt!
Samling 13-16 år i Voss Ski og Tursenter
Vossalangrenn inviterer alle i 13-16 års gruppa til samling med overnatting i Voss Ski og Tursenter 28.09-30.09.
Info finn ein under:
Samlingar arrangert av Vossalangrenn
Planlagte samlingar framover:
• Samling i VSOT for 13-16 år, 28.-30. sept.
• Juniorsamling i VSOT 26.-28. okt.
Meir info kjem når det nærmar seg.
I tillegg vert det jobba med snøsamlinga for 13-16 år. Kjem tilbake med dato og stad her når dette er avklara.
Oppstartssamling i Voss Ski og Tursenter
Det vert oppstartssamling for alle i Voss Ski og Tursenter 31.08-02.09. Det vert testrenn skøyting i rulleskiløypa for 14 år og eldre på fredag 31.08. Dei nye 13 åringane vert med frå laurdag morgon.
Info om samlinga finn du HER Invitasjon til oppstartsamling 2018 rev
Hindartveit Opp
Vossalangrenn i samarbeid med Voss Gymnas inviterar til testløpet Hindartveit Opp torsdag 21.06
Alder: frå 15 år og eldre (årsklassen du er i neste sesong)
Oppmøte: Bordalsgjele kl 18.30 for påmelding. Start løp kl 19.00.
Start gutar: Parkeringsplass Bordalsgjele
Start jenter: Der grusvegen kjem inn på asfaltvegen til Hjelle.
Mål alle: Hindartveit
Kjøp av joggesko på Endeve Sport
Prøv nye ski og sko frå Rossignol
I anledning NM i skiskyting kjem Rossignol til Voss. Her blir det muligheiter til å prøve nesteårs ski og sko på snø. Det er avtalt med Øyvind Mobakken på Rossignol at Vossalangrenn og Voss Gymnas Toppidrett kan prøve ski og sko frå kl 17.30 i morgon torsdag.
Testrenn sundag 17.12 kl 11
Vossalangrenn inviterar til testrenn sundag 17.12 kl 11 i Voss Ski og Tursenter
Første start kl 11.00
Stilart: klassisk.
Frå 13 år og eldre
Distanser:
J/G 13-14 år: 3 km
J/G 15-16 år: 5 km
Junior jenter: 5 km
Junior gutar: 10 km
Senior kvinner: 10 km
Senior menn: 15 km
Smurningstips:
Festesmurning: Skrap av all gammal smurning og reingjer smøresona med skirens. Puss så søresona med sandpapir 100 eller 120. Legg så eit lag med grunnvoks som du smeltar inn med strykejern. Etter 10-15 min legg du på eit lag med blå tørrvoks. Smelt også dette laget forsiktig med strykejern. Vent så 20 min. og gni så med kork. Legg deretter to lag med blå tørrvoks i heile festesona og gni ut kvart lag med korken. Så legg du to nye lag med blå, men 5-6cm kortare framme og bak. Vent så til du kjem på stadion i morgon før du legg på meir smurning. Er det slik temp som i dag kan du prøva skia utan å legga på meir. Om det er litt glatt legg du to-tre lag til med blå tørrvoks under midten. Skulle temperaturen vera -3 eller varmere prøver du med gradvis mildare tørrvoks.
Trykk på knappen under for å melde på. Siste frist er laurdag 11.12. kl 20.00
Geilosamlinga 1.12-3.12 for 13-16 år
Då er det klart for påmelding til skisamlinga på Geilo fredag 1.desember til søndag 3.desember for Vossalangrenn 13 – 16 år.
Junior/seniorsamling i Voss Ski og Tursenter 27.-29.10
Vossalangrenn inviterer til samling for junior og senior i Voss Ski og Tursenter 27.10-29.10.
Denne samlinga er med overnatting i Arenahuset. Alle er velkomne på samlinga, men dei som ikkje er medlem av Vossalangrenn må betale 1100,- kr for samlinga. Vossalangrenn dekker samlinga for sine medlemmer.
Les deg opp på fila under og meld deg på!