Velkomen til VossaLangrenn!

Vossalangrenn er eit team som skal fungera som eit samarbeidsorgan/ sameige mellom Bjørgum IL, Bulken IL, Eldar IL, IL Vargar, IL Viljar, Voss IL ,Ørnar IL og skal fungera som eit supplement til det enkelte lag si eiga satsing og utvikling av langrennsporten på Voss.

20150822 151524

Målgrupper og sportslege målsetjingar:

Vossalangrenn skal ha eigne trenarkrefter og skal arbeida for å utvikla langrennsidretten i Voss med forsvarlege sportslege opplegg og med utøvaren i sentrum.

Målgruppa er aktive utøvarar i aldersgruppa frå 13 år opp til senior som er medlem i eitt av eigarlaga. Andre utøvarar kan delta mot å betala treningsavgift.

Målsetjinga er å gje utøvar eit treningsgrunnlag som er tilstrekkeleg til å makta overgang til juniornivå og å halde fram med konkurranseidrett samtidig med skulegang, anna utdanning og arbeid.

Vossalangrenn skal herunder:

* Skapa godt miljø, tryggleik og tillit i teamet
* Få utøvarane til å synast at ski og trening er kjekt, bl.a gjennom allsidig treningsaktivitetar.
* Få fleire utøvrar på trening og til å konkurrera på ski
* Gje løpare lyst og motivasjon til å fortsetta med å gå på ski
* Utvikla sjølvstendige utøvare med omsyn til treningslære og konkurranseførebuing

Verdigrunnlag:
Vossalangrenn skal arbeida for at utøvarar på alle nivå gjennom aktiv samhandling skal gjera kvarandre gode. Dette skal gjennomførast ved å fylgja prinsipp om rettferd, god sportsånd og lik merksemd til alle utøvarar.

 

 

 


 

 

Joomla! Debug Console

Session

Profile Information

Memory Usage

Database Queries